Copy
Oster er eit nyhendebrev frå Bygdanytt. Dette er utgåve #5, årgang #2. Måndag 8. mai 2017.

Kjære lesar!

Når eg noe skriv til deg er det av di eg meiner vi har ein jobb å gjere. Vi må lufte litt på Osterøy.

Verda er liten, og Osterøy er mindre.

Tette band og små tilhøve kan i mange samanhengar vere ein føremon - men i politikk og forvaltning krev det ekstra merksemd. Ja, det kan beint fram verte eit problem.

Eg har skrive ein tekst om dette, og du finn han under.

Set deg gjerne ut i sola og les. I morgon er godveret over - for denne gong.

 

Venleg helsing Eirik Langeland Fjeld, redaktør


Synspunkt:
Noko er rote i Osterøy-politikken


Vi må snakke om elefanten i rommet, og både politikarane, byråkratane, andre innbyggjarar og lokalavisa må bidra.

Bygdanytt har sett søkjelyset på habilitet blant Osterøy-politikarane. Utgangspunktet var ei sak der det har oppstått debatt om kor grensa går når ein politikar har næringsinteresser i ei sak som skal til politisk handsaming.


Saka er ei sak i grenseland, og den er ikkje eineståande i Osterøy-politikken.

Eg har ikkje tal på kor mange som har vendt seg til Bygdanytt de siste åra og tatt opp saker der dei meiner at politikarar har rota med å halde de ulike rollene sine frå kvarandre.

Ingen vil stå fram og snakke om det i avisa, men alle meiner at nokon andre bør gjere det. Óg i den konkrete saka Bygdanytt har tatt tak i denne gongen, har det vore vanskeleg å få folk i tale.

Unntak finst, og fleire politikarar har no kome på banen med sine synspunkt på den konkrete saka, og på habilitetsproblematikk meir generelt.

Eg vil i denne samanheng trekkje fram MDG-politikar Silje Midtbø Vevle, som tidlëg i saka tok bladet frå munnen og snakka om korleis ho opplevde eit møte i plan- og kommunalteknisk utval på Osterøy i mars. I denne saka står ho fram som tøff, tydeleg og vesentleg. Takk, Vevle.

Så - er Osterøy-politikken prega av nepotisme, inhabilitet og korrupsjon? Nei, det er ikkje grunn til å tru det.

Alle som har vore på politiske møte i Osterøy kommune har sett at politikarane titt og ofte går på talarstolen og varslar om eigen inhabilitet. Det er ikkje der skoen trykkjer.

Problemet er det som skjer i gråsona. Gråsona startar der lovverket stoppar, og fyller rommet mellom det som er lovleg og det som er ulovleg.

Kor mykje som faktisk skjer i gråsona på Osterøy har ikkje eg oversikt over. Men eg har eit ganske solid inntrykk av at mange innbyggjarar i kommunen - og stundom også politikarar - har ein mistanke om at det er høg aktivitet i denne sona.

Dei fleste politikarar er så moralsk oppegåande, så demokratisk innstilte og så smarte at dei ikkje bryt habilitetsreglane.

Men habilitet har ei tvillingsyster, og tvillingsystera heiter tillit. For at tilliten skal ha best mogleg vekstvilkår, må det vere minst mogleg aktivitet i gråsona.

Politikarane må vere overtydelege på at alt skjer på ein slik måte at det er grunn til å tru at dei utøver tillitsverva sine til beste for veljarane sine og for fellesskapen. Det er ikkje nok å vere akkurat innanfor grensene lova set.

Det er ikkje lovbrot som får meg til å seie at noko er rote i Osterøy-politikken. Det er kjensla av at noko ikkje er som det skal - ei kjensle av at det stadig vert kviskra i krokane om at det har foregått noko i gråsona. Kjensla får næring, og lukta vert sterkare, av at det er så liten vilje til å snakke høgt om dei vanskelege sakene.

Og eg vert ikkje roa av at fleire politikarar seier at det er heilt vanleg i Osterøy-politikken at politikarar opererer i gråsona.

Det må luftast i osterøypolitikken!

I ordskifte om habilitet vert det gjerne hevda at dersom vi skal vere for strenge i habilitetsspørsmål så vert det umogleg for - til dømes - utbyggjarar å vere politikarar. Der er eg ikkje samd i.

Men er ein utbyggjar ligg det i korta at ein vil komme opp i vanskelege saker oftare enn andre politikarar. Andre næringsdrivande kan oppleve det same.

Dei som vurderer å stille til val må vere villige til å halde inhabiliteten på armlengds avstand. Dei som ikkje kan leve med dette kravet, må la vere å stille til val.

Kan hende mister vi nokre kandidatar på vallistene, men alternativet er verre. Alternativet er tillitskrise, politikarforakt og at lokaldemokratiet forvitrar.

Den prisen har vi ikkje råd til å betale.
 

Eirik Langeland Fjeld, redaktør

Abonner på Nyheitsbrevet K5 og få aktuelle saker om E16 og Vossebanen på e-post. Garantert heilt gratis.

Klikk her - det er gjort på 20 sekund.

Del
Tweet
Send vidare
Copyright © 2017 Bygdanytt, All rights reserved.


Want to change how you receive these emails?
You can update your preferences or unsubscribe from this list